Klatrepark og aktivitetar

I Valldal Aktivitetspark har vi aktivitetar for alle aldrar. I klatreparken finn du klatreløyper i forskjellige vanskegrader, lengde og høgde slik at dei egnar seg for dei aller fleste. I Tunet har vi leikeområde med sandkasse, leikestativ og hoppepute. I Trollhola kan du møte kjekke troll som inviterar til leik og aktivitetar.
Vi kan også tilby lagbygging og konkurransar for grupper.

Sjå nærare skildring under!

Booking

Vi har begrensa kapasitet så kjøp inngangsbillettar på vår nettside for å vere sikra klatresele.

Drop-in

Det også muleg å besøke parken utan å førehandsbestille billett, men med avgrensa kapasitet kan ein risikere at det er fullt.

Klatreparken

Klatreparken

Klatreparken ligg idyllisk til på eit område langs elva i Valldal, 8 km frå sentrum. Vi har montert opp ulike hinder mellom tre og stolpar i til saman 5 klatreløyper på totalt 1150 meter.

Løypene har ulik høgde og vanskegrad. Vi har ei løype for dei aller minste borna der foreldre kan gå ved sidan av, to familieløyper der den eine er enkel og den andre litt vanskelegare. Den fjerde løypa er ganske krevjande for dei som ynskjer ei ekstra utfordring, og den femte løypa er for dei som likar det høgt og luftig.

Sikkerheit

Sikkerheita er i fokus og er veldig viktig for oss. Alle besøkande som skal opp i klatreløypene må gjennom ei opplæring der våre kvalifiserte instruktørar vil gjennomgå alt du må vite før du kan klatre trygt i parken.

Alle installasjonar er bygd av Høyt og Lavt som er Norges største leverandør av klatreparkar. Vi har dagleg inspeksjonar av både utstyr og løyper.

Alle får utdelt klatresele og hjelm. Det kan vere lurt å bruke tynne hanskar. Om du ikkje har kan du kjøpe hos oss.

Info

Kle deg for å vere ute i naturen. Joggesko anbefalast. Det er heller ikkje noko problem å klatre sjølv om det regnar litt.

Hugs at born under 12 år må klatre saman med ein vaksen.

Gjer deg kjent med høgdekrava i klatreparken, sjå opplistinga under.

parkkart-web-2016

Parkering

Toalett

Billettar / Kiosk

Trollhuken

Tunet

Tusseladden

Barneløype, lett
4 hinder, 80 meter, 1 zip-line
Høgdekrav 80 cm

Klatremusa

Familieløype, lett/middels
7 hinder, 140 meter, 1 zip-line
Høgdekrav 110 cm

Elvafaret

Familieløype, middels
14 hinder, 510 meter, 5 zip-line
Høgdekrav 110 cm

Trollspranget

Familieløype, vanskeleg
11 hinder, 350 meter, 2 zip-line
Høgdekrav 140 cm

Krampetaket

Sportsløype, krevjande
7 hinder,  70 meter
Høgdekrav 140 cm

Tunet og Trollhola

Leikeområde

I Tunet kan du ta ein pause frå klatringa, og nyte nistepakke eller grillmat.
Her er det ei god og avslappa stemning for alle, men spesielt kjekt for dei minste med leikeapparat, sklie, sandkasse, hoppepute, og bord og benkar både ute og under tak.

Trolla frå Trollstad®

Huldretrolla frå Trollstad besøker parken kvar dag i perioden 01.07-13.08, og dei er veldig glad i leik og moro.
Dei held til i Trollhola og engasjerer både born og vaksne i forskjellige aktivitetar.
Ein ting er sikkert; med trolla til stade er det alltid noko artig på gang!

Info

Alle aktivitetane i Valldal Aktivitetspark er inkludert i inngangsbilletten. Program for dagen kan du finne ved inngangen og i Tunet.

Gruppeaktivitetar

5-kamp

For mindre grupper i storleik 10-20 personar, har vi sett saman ein 5-kamp med meir konkurranseprega aktivitetar på tid og med poengutdeling.

Øvingar som inngår:

Trådløype
Mjølkespannkasting
Pil og bue
Balansestokk med oppgåver
Tårnbygging

Måtte den beste 5-kjemparen vinne! Diplom, heider og ære til vinnaren.

Pris pr person: kr 135,- (Minstepris kr 1350,-)

Lagbygging / Lagkamp

For grupper i alle storleikar tilbyr vi lagbyggingsoppgåver der alle kan vere i aktivitet samtidig, og ha det moro i lag uansett alder og fysisk form.

Vi skal gjennom 3-4 aktivitetar som:

Plankekøyring
Skitur
Tårnbygging
Memoreringsstafett

Vi deler gruppa i fleire lag på 4-6 personar. Det vinnande laget blir premiert i tillegg vil gruppa få i oppgåve å finne ”beste lagspelar” blant alle deltakarane i gruppa.

Etter ein time med allsidig og artig aktivitet, kan vi garantere for god stemning.

Pris pr person: kr 75,- (Minstepris kr 1500,-)