For barna

Her er alt lagt til rette for at minste skal ha det kjekt. Klatreløyper for barn ned til 2 år i tillegg til leikeområdet vårt med hoppeslott, leikestativ, sandkasse og gullgraving
Barn leikar i hoppeslott

Alt inkludert

Alle aktivitetane i Valldal Aktivitetspark er inkludert i inngangsbilletten. Det er høgde og alderskrav på dei ulike attraksjonane.
To barn i klatreløypa

Barneløyper

To av klatreløypene er spesielt tilpassa dei minste barna (gule løyper). Høgdekravet er 80 cm og byr på artige hinder, nett og zip-lines.

Her kan ein vaksen kan følge barna frå bakken og treng ikkje å vere med opp i løypa.

Leikeplass

Vi har eit hoppeområde der vi har samla hoppepute, hoppeslott og bagjump for alle dei hoppeglade gjestane våre.

Vi har i tillegg leikeapparat med sklie, disser og sandkasse.
Eit lite barn og ein ungdom hoppar på hoppepute
Barn grev etter gull i sanden

Gullgraving

Finn den gøymde trollskatten! Grav opp gull og glitter frå sanden.

Dette kan du levere i kiosken og få ein trollfin premie.

Gode tips og råd

Alt om kvar du finn oss, kjøp av billettar, kiosk / mat & drikke og grilling finn du meir om her!
Praktisk info