Grupper

Ein dag i aktivitetsparken er ei flott oppleving for grupper i alle storleikar og passar perfekt til bedrifter, skuleklassar, ulike idrettslag eller andre typar lag og organisasjonar.

For ein komplett dag i parken kombiner gjerne klatring med 5-kamp eller lagbygging og avslutt med grilling i Tunet.

Booking

For gruppebestillingar ta kontakt på e-post i god tid. Betaling ved oppmøte eller faktura etter avtale

Overnatting

Dersom dykk treng overnatting i samband med besøk i aktivitetsparken sjå våre samarbeidspartnarar på overnatting.

Opningstider

Grupper kan besøke oss både i og utanfor faste opningstider. Sjå Prisar og opningstider for dei ulike alternativa.

Klatrepark

Ein aktiv dag for heile gruppa! Felles opplegg med klatring der samhald og meistring står i fokus. Vi startar med utdeling av utstyr og opplæring før alle får klatre fritt i klatreløypene. Vi beregnar omlag 3 timar på klatringa ved eit slikt opplegg.

Lagbygging

Konkurrer enten individuelt eller på lag mot kvarandre. Vi har to ulike opplegg (5-kamp og lagbygging) der alle kan vere i aktivitet samtidig, og ha det moro uansett alder. Varigheit er omlag ein time og vi garanterer god stemning!

Mat og drikke

Planlegg eit felles måltid som avslutning på dagen. Vi har ein vedfyrt OFYR grill, gassgrillar, bord og benkar under tak. Her kan dykk ta med medbrakt grillmat og stå for serveringa sjølve. Vi kan også ordne med catering. Ta kontakt for eit tilbod.