Klatrepark

Klatreparken ligg idyllisk til på eit område langs elva i Valldal. Her har vi totalt 8 klatreløyper med ulik høgde og vanskegrad!
Dame klatrar i utfordrande løype

Aldersgrenser

I gule løyper kan vaksne følge barna frå bakken, og treng ikkje klatresele sjølv.

Barn under 12 år må klatre saman med ein vaksen i grøne, blå og raude løyper.
Maks 4 barn per vaksen.
Jente i klatreløypene i skogen

Klatreløyper

Fordelt på dei 8 løypene har vi til saman 61 hinder. Dei fleste er forskjellige og byr på ulike utfordringar og moro! Løypene er gradert med fargekodane gul, grøn, blå og raud der gul er dei enklaste løypene og raud er krevjande.

Zip-lines

Zip-lines er ein del av klatreløypene. Nokre løyper har fleire zip-lines og dei lengste er over 125 meter. Enkelte zip-lines går også over elva der du får ein nydelig flygetur med fossande vatn under beina.
Zip-line over elva
Instruktør på jobb i parken

Sikkerheit

Sikkerheita er i fokus og er veldig viktig for oss. Alle som skal klatre må gjennom ei opplæring der våre kvalifiserte instruktørar gjennomgår alt du må vite før du kan klatre trygt i parken. Du får utdelt klatresele og hjelm.

Løypekart

Kart over aktivitetsparken og oversikt over alle klatreløyper
Løypekart
Tusseladden
4 hinder / 80 meter
Lett
Høgdekrav 80 cm
Askeladden
4 hinder / 70 meter
Lett
Høgdekrav 80 cm
Hompetitten
6 hinder / 70 meter
Lett / Middels
Høgdekrav 110 cm
Klatremusa
6 hinder / 170 meter
Lett / Middels
Høgdekrav 110cm
Elvafaret
14 hinder / 510 meter
Middels
Høgdekrav 110 cm
Innersvingen
9 hinder / 240 meter
Middels
Høgdekrav 110 cm
Trollspranget
11 hinder / 350 meter
Vanskeleg
Høgdekrav 140cm
Krampetaket
7 hinder / 70 meter
Vanskelig
Høgdekrav 140cm

Gode tips og råd

Alt om kvar du finn oss, kjøp av billettar, kiosk / mat & drikke og grilling finn du meir om her!
Praktisk info