Om oss

Valldal Aktivitetspark vart etablert med det formål å skape meir aktivitet for både fastbuande og tilreisande til området. Den er idyllisk plassert på Hjelme, rett ved elva Valldøla, og parken er oversikteleg med ei naturleg avgrensing alle vegar.

Valldal Aktivitetspark AS

Valldal Aktivitetspark AS vart etablert i mars 2014 av Erlend Hjelme, Gro Marita Valdal og Nils Jarle Hjelme.

 

1. juli same år vart parken offisielt opna, og det var stor pågang av klatreglade gjestar allereie frå første dag. Parken har også nokre faste trollgjestar som heiter Trolla frå Trollstad®. Dei held til i Trolltunet og lagar stemning for gjestane i parken.

 

Selskapet har to fast tilsette der Erlend Hjelme er dagleg leiar og Gro Marita Valdal er marknadsansvarleg. Kontorstaden er på Fjordhagen i Valldal.

Sikkerhet

Selskapet Høyt og Lavt, som blant anna eig og driv Skandinavias største klatrepark i Vestfold, er leverandør og står bak bygginga av klatreløypene i Valldal.

 

Valldal Aktivitetspark sett sikkerheita i parken høgt. Alle apparat og installasjonar for klatring er forsvarlig montert i henhold til bransjestandard EN – NS 15567. Klatreparken har årlig godkjenning og driftsløyve frå Statens jernbanetilsyn (SJT).