Sikkerheitsreglar

Alle som skal klatre må lese nøye gjennom våre sikkerheitsreglar på førehand. Ei eigenerklæring skal signerast per gruppe/familie. Dette er obligatorisk under bookingprosessen på nett. Grupper kan laste ned skjema som dei fyller ut og tar med ved oppmøte.

På nett

Fyll ut eigenerklæring elektronisk under bookingprosessen

Last ned

Last ned eigenerklæringsskjema her. Print ut, fyll ut og ta med til parken

I billettluka

Vi har eigenerklæringsskjema på papir i billettluka som du kan fylle ut

Sikkerheitsreglar

  • Det er forbode å nytte aktivitetar utan å ha gjennomgått sikkerheitsopplæring
  • Ver sikker på at du har forstått det som vert gått gjennom på sikkerheitsopplæringa
  • Spør om noko er uklart

Du har ansvar for din eigen og dine barn sin aktivitet og sikkerheit i klatreparken

  • Personar under 18 år skal ha godkjenning av foresatt for å delta på aktivitetar
  • Barn under 14 år må vere under direkte oppsyn av vaksen
  • Barn under 12 år må ha med en vaksen i løypene

Sikringsutstyr

  • Klatreselen har tre spenner – ein på hoftebeltet og ein i kvar lårløkke
  • Selen skal til ei kvar tid sete stramt
  • Dersom du tek av deg eller er usikker på om selen set riktig, ta umiddelbart kontakt med ein instruktør for kontroll av selen
  • Pass på at du til ei kvar tid er sikra med minimum 1 karabin eller trinse i løypene
  • I kvart enkelt hinder skal du vere sikra med 2 karabinar eller trinse

Aktivitetar

  • Les oppslaget ved kvar aktivitet / hinder og sjekk at du er riktig sikra før du bevegar deg ut i aktiviteten / hinderet.
  • Hinder og aktivitetar har høgde og alderskrav – les på oppslaget før du nyttar aktiviteten
  • Beveg deg roleg og kontrollert gjennom aktivitetar og hinder
  • Det er kun tillate med ein person per hinder (om ikkje anna er skildra), vent til det er klart før du bevegar deg ut på hinderet
  • På plattformene mellom kvart hinder kan det opphalde seg inntil 3 personar. Vent til det er ledig plass på plattforma før du bevegar deg ut i hinderet
  • På zip-linen  du sjekke at det ikkje er nokon på lina. Er du i tvil må du vente til den er klar
  • Ikkje ta på zip-linen når du er i bevegelse
  • Ved eventuelle feil eller manglar ved anlegget skal personalet straks kontaktast
  • Anbefalt maksimal vekt for klatrarar: 120 kg
  • Personar med rygg- eller nakkeplagar bør ikkje klatre

Adgang til aktivitetene er ikkje tillate for personar som er

  • Påvirka av alkohol eller andre rusmiddel
  • Gravide
  • Utanfor høgde/vektkrav

Adgang til aktivitetane er ikkje anbefalt for personar med

  • Hjerte-/ lunge problem
  • Rygg-/ nakke problem
  • Andre fysiske utfordringar