For barna
I Valldal Aktivitetspark er alt lagt til rette for at også dei minste skal ha det kjekt.
Vi har klatreløyper tilpassa barn ned til 2 år, i Tunet har vi leikeområde med sandkasse, leikestativ og hoppepute. I Trollhola kan du møte kjekke troll som inviterer til leik og aktivitetar.
Leikeområde

Vil du ha ein pause frå klatringa, har vi også andre aktivitetar for barna.
Den store hoppeputa vår er populær, og vi har i tillegg leikeapparat med sklie, disser og sandkasse.
Trolla

Dei kjekke trolla er til stade i sommarferien, held til i Trollhola og engasjerer barna i forskjellige aktivitetar.
Pil og bueskyting, jakta på trollskatten og eventyrstund er nokre av aktivitetane ein kan delta på.
Barneløyper

To av klatreløypene er spesielt tilpassa dei minste barna (gule løyper). Høgdekravet er 80 cm og byr på artige hinder, nett og zip-lines.
Foreldre / vaksne kan følge barna frå bakken og treng ikkje å vere med opp i løypa.