Eigenerklæring
Alle som skal klatre må fylle ut og levere ei eigenerklæring. Fyll ut på nett for å spare tid når du kjem til parken.
Sikkerheitsreglar må lesast før utfylling av skjema.
Sikkerheitsreglar
- Det er forbode å nytte aktivitetar utan å ha gjennomgått sikkerheitsopplæring
- Ver sikker på at du har forstått det som vert gått gjennom på sikkerheitsopplæringa
- Spør om noko er uklart
Du har ansvar for din eigen og dine barn sin aktivitet og sikkerheit i klatreparken
- Personar under 18 år skal ha godkjenning av foresatt for å delta på aktivitetar
- Barn under 14 år må vere under direkte oppsyn av vaksen
- Barn under 12 år må ha med en vaksen i løypene
Sikringsutstyr
- Klatreselen har tre spenner – ein på hoftebeltet og ein i kvar lårløkke
- Selen skal til ei kvar tid sete stramt
- Dersom du tek av deg eller er usikker på om selen set riktig, ta umiddelbart kontakt med ein instruktør for kontroll av selen
- Pass på at du til ei kvar tid er sikra med minimum 1 karabin eller trinse i løypene
- I kvart enkelt hinder skal du vere sikra med 2 karabinar eller trinse
Aktivitetar
- Les oppslaget ved kvar aktivitet / hinder og sjekk at du er riktig sikra før du bevegar deg ut i aktiviteten / hinderet.
- Hinder og aktivitetar har høgde og alderskrav – les på oppslaget før du nyttar aktiviteten
- Beveg deg roleg og kontrollert gjennom aktivitetar og hinder
- Det er kun tillate med ein person per hinder (om ikkje anna er skildra), vent til det er klart før du bevegar deg ut på hinderet
- På plattformene mellom kvart hinder kan det opphalde seg inntil 3 personar. Vent til det er ledig plass på plattforma før du bevegar deg ut i hinderet
- På zip-linen må du sjekke at det ikkje er nokon på lina. Er du i tvil må du vente til den er klar
- Ikkje ta på zip-linen når du er i bevegelse
- Ved eventuelle feil eller manglar ved anlegget skal personalet straks kontaktast
- Anbefalt maksimal vekt for klatrarar: 120 kg
- Personar med rygg- eller nakkeplagar bør ikkje klatre
Adgang til aktivitetene er ikkje tillate for personar som er
- Påvirka av alkohol eller andre rusmiddel
- Gravide
- Utanfor høgde/vektkrav
Adgang til aktivitetane er ikkje anbefalt for personar med
- Hjerte-/ lunge problem
- Rygg-/ nakke problem
- Andre fysiske utfordringar