Jobb hos oss
Vi søker klatreparkinstruktør
Valldal Aktivitetspark er på utkikk etter den rette personen som kan arbeide heile sommarsesongen frå mai til oktober som instruktør i klatreparken.
Vi søker deg som
- Er aktiv og friluftsinteressert
- Inkluderande, sosial og likar å jobbe med folk
- Relevant erfaring frå klatrepark, klatring eller liknande aktivitetar
- Trivast med å jobbe i høgda
- Over 18 år og snakkar godt norsk eller svensk
Dine arbeidsoppgåver vil vere
- Opplæring av besøkande
- Vakthald og tilsyn i klatreparken
- Redning frå klatreløyper ved behov
- Kontroll av løyper, opning/stenging av park og anne arbeid i forbindelse med daglig drift
Vi har tilgjengeleg bustad for leige.
Personlig brev med CV sendast til Erlend Hjelme på e-post post@valldalaktivitetspark.no
Søknadsfrist 15.02.2021
Vi søker salsmedarbeidar
Valldal Aktivitetspark søker to personar som kan arbeide i perioden 21.05 til 17.10 som kiosk- og salsmedarbeidar. Du er også velkomen som søkar dersom du berre kan arbeide gjennom sommarferien.
Vi søker deg som
- Er aktiv og friluftsinteressert
- Kan jobbe sjølvstendig og effektivt
- Har erfaring frå sal og servering
- Er over 18 år og snakkar godt norsk eller svensk
Dine arbeidsoppgåver vil vere
- Billett- og kiosksal
- Servering av enkel mat
- Kassaoppgjer og rapportering
- Generelt vedlikehald og reinhald av fellesareal
Vi har tilgjengeleg bustad for leige.
Personlig brev med CV sendast til Gro Marita Stennes Valdal på e-post post@valldalaktivitetspark.no
Søknadsfrist 15.02.2021