Klatrepark
Klatreparken ligg idyllisk til på eit område langs elva i Valldal, 7,5 km frå sentrum. Vi har montert opp ulike hinder mellom tre og stolpar i til saman 7 klatreløyper på totalt 1400 meter.
Løypene har ulik høgde og vanskegrad. Vi har to løyper for dei aller minste barna der foreldre kan gå ved sidan av, tre familieløyper der den eine er enkel og dei to andre litt vanskelegare. I tillegg har vi to meir krevjande løyper for dei som likar det høgt og luftig.
Klatreløyper

Fordelt på dei 7 løypene har vi til saman 56 hinder. Dei fleste er forskjellige og byr på ulike utfordringar og moro! Løypene er gradert med fargekodane gul, grøn, blå og raud der gul er dei enklaste løypene og raud er krevjande.
Zip-lines

Zip-lines er ein del av klatreløypene. Nokre løyper har fleire zip-lines og dei lengste er over 125 meter. Enkelte zip-lines går også over elva der du får ein nydelig flygetur med fossande vatn under beina.
Sikkerheit

Sikkerheita er i fokus og er veldig viktig for oss. Alle som skal klatre må gjennom ei opplæring der våre kvalifiserte instruktørar gjennomgår alt du må vite før du kan klatre trygt i parken. Du får utdelt klatresele og hjelm.