Kulturrabatt for ungdom

Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer gjennom denne tilskotsordninga å bidra til å leggje til rette for og stimulere til at ungdom busett i Møre og Romsdal i alderen 15–20 år skal få kjennskap til eit bredt kultur- og idrettstilbod til ein lågare pris gjennom å kunne nytte seg av kulturrabatten.

Valldal Aktivitetspark deltek på denne ordninga og gir 25% rabatt på dagskort for ungdommar mellom 15 og 20år. Billettane finn du under booking og kostar 240kr per person.
(Normal pris 320kr per person)

Og hugs gyldig legitimasjon når du møter opp i klatreparken!