Praktisk info

Vi har samla det du treng av informasjon før du besøker parken vår. Du bør lese gjennom våre sikkerheitsreglar, sette deg inn i gjeldande høgdekrav og aldersgrenser, og kjøpe billett på våre nettsider. Då er du sikra plass og kjem fort i gang med klatring etter oppmøte.

Billettar

Billettar
Kjøp billettar på nett.

Vi tilrår å kjøpe billettar på våre nettsider, då er du sikra plass ved ankomst. Du vil få ei kvittering tilsendt på e-post som du må vise i billettluka når du kjem, og gje opp referansenummer som du finn på kvitteringa. Ved kjøp på nett får du også lavare pris pr billett enn om du kjøper ved oppmøte.

Billettar må kjøpast innan midnatt dagen før du besøker parken. Det er altså ikkje muleg å kjøpe billett på morgonen før du skal kome. Då får du opp meldinga «Ingenting tilgjengeleg på valgt dato». Dette betyr ikkje at parken er full, men at kjøp for dagen i dag ikkje lenger er muleg på nett.

Husk at du må hente klatreselen innan kl 14.00.


Drop-in

Det er også muleg å kome innom parken på såkalla drop-in. Då betalar du billett og skriv under eigenerklæring ved oppmøte. Betal med kort eller kontant. Vi har avgrensa kapasitet på klatreselar slik at ein kan risikere at det er fullt. Vi anbefaler derfor å kjøpe billett på førehand. Det er og muleg å kome inn i parken utan å klatre. Vi har egne prisar for inngang til parken utan klatring. Siste mulige drop-in er 2 timar før parken stenger.


Sesongkort

Vi sel sesongkort både på nettsida vår og i billettluka i parken. Sesongkortet er personleg og kan kun nyttast av ein person. Har du sesongkort og ynskjer å reservere plass, gå inn under booking på nettsida vår og velg fana «Reservasjon». Velg dato og kjøp reservasjon. Pris kr 35 per person.

Du kan også møte opp i parken og vise sesongkortet i billettluka, men då er du ikkje sikra plass dersom det er fullt og du risikerer og måtte vente på ledig klatresele.


Gåvekort

Gåvekort må kjøpast på nettsida vår under booking. Her kan du velje mellom fleire ulike verdiar på kortet. Når du kjøper gåvekort får du tilsendt eit elektronisk gåvekort på e-post. Dette kan brukast som betaling på alle våre dagskort og sesongkort. Brukar du ikkje heile beløpet kan resterande beløp brukast ved ei seinare anledning. Varigheit er eitt år.

Sikkerheit

Opplæring
Alle klatrande må gjennom ei opplæring før ein kan klatre på eigenhand. Opplæringa tek omlag 15-20 minutt. Det blir enten gitt opplæring på video eller av instruktør der det blir gått gjennom reglar og utstyr. Etterpå skal kvar enkelt gjest ha ein praktisk gjennomgang i opplæringsløypa. Vi gjer merksam på at den praktiske gjennomgangen må vise at gjesten er skikka til å klatre på eigenhand. Instruktør har høve til å nekte adgang til løypene dersom det viser seg at gjesten ikkje følg våre sikkerheitsvilkår.


Aldersgrense og høgde

Det er inga nedre aldersgrense for å klatre i parken, men barn under 12 år må klatre saman med ein vaksen. Maks 4 barn per vaksen.

Dei ulike løypene har forskjellige høgdekrav. For å klatre i barneløypene (gule løyper) er minstehøgda 80 cm. Her skal ein vaksen følge barnet frå bakken. I dei tre familieløypene våre (grøne løyper) er minstehøgda 110 cm, mens i dei to krevjande løypene er minstehøgda 140 cm (blå og raud løype).


Eigenerklæring

Alle som skal klatre må skrivast opp på ei eigenerklæring. Eit skjema per gruppe/familie. Denne må signerast av ein føresett eller ein vaksen person som er ansvarleg for gruppa. Dersom du kjøper billett på nettsida vår er eigenerklæringa ein del av bestillingsprosessen. Drop-in kundar må signere skjema ved oppmøte.


Drone

Hovudregelen er at bruk av drone inne i parken ikkje er lov. Medbrakt drone utan løyve kan bli inndratt av vårt personale til besøket i parken er over.

Vi kan tillate flyging av drone etter søknad frå grupper som leiger parken utanfor opningstid. Ta kontakt med oss på epost i forkant av besøket.

Mat og drikke

Kiosk
I kiosken sel vi pølser med brød, toast, brus, is, kaffi/te m.m. Kiosken er lokalisert i same bygg som ein kjøper billettar, og er ope frå kl 11:00 til 17:00 (16:00) kvar dag parken er open. I tilknyting til kiosken har vi eit mindre område med bord og stolar. Det er ikkje tillate med medbrakt mat her.


Medbrakt mat

Du må gjerne ta med eigen mat til parken om ønskeleg. Vi har benkar og bord i Tunet og plassert rundt i parken der ein kan nyte eigen mat. Vi sett stor pris på at du ryddar etter deg.


Grilling

Vi har grillar tilgjengeleg i Tunet der ein kan grille medbrakt mat. Vi sett stor pris på at du ryddar etter deg.


Kjøp middag i Valldal

Dersom du ynskjer eit måltid etter besøket i aktivitetsparken kan vi anbefale nokre av dei som tilbyr mat og drikke i nærleiken.

Vêr og kleskode

Vêret

Parken held ope uansett vêr, men ved kraftig vind eller torden kan vi måtte stenge delar av løypa midlertidig. Det er ikkje noko problem å klatre sjølv om det regnar. Trea som klatreløypene er montert i gir noko ly for regnet og vi har eit overbygg med tak der det er høve til å ta ein pause om det skulle kome ei skikkeleg regnbyge.

 

Kleskode

Lette tur- eller treningsklede er å anbefale, men kle deg først og fremst etter veret. Det kan være ein fordel med fleire lag då ein fort blir varm når ein er i aktivitet. Joggesko egnar seg best til klatring, men ver merksam på at det er vått i graset om det er eller har vore nedbør. I kiosken sel vi tynne hanskar som egnar seg til klatring. Hanskar kan vere lurt dersom der er kaldt eller om du vil har det litt ekstra komfortabelt.

Fasilitetar

Parkering
Rett etter at du tek av frå hovudvegen finn du parkering langs grusvegen ned mot parken. Parker på merka plassar langs vegen. Parkeringa er gratis og berre for besøkande i parken.
Ingen camping.


Toalett

I enden av parkeringsplassen ved inngangen til parken har vi eit toalettbygg. Det eine toalettet er tilpassa rullestolbrukarar og er utstyrt med stellebord.

Vi gjer merksam på at vi ikkje har vask med rennande vatn på toaletta, men handsprit.


Benkar og bord

Rundt om i parken har vi benkar og bord både ute og under tak. Her kan du ta ein pause frå klatringa og kanskje ein matbit.


Hundar

Det går fint å ta med hunden i parken. Sørg for at hunden alltid er i band og hugs pose.


Røyking

Parken er røykfri.