Sesongopning 22.mai

Vi opnar aktivitetsparken for sesongen 22.mai og held ope kvar helg (kl 11-17) framover.

Vi gler oss til å vise fram det nye leikeområdet med Bagjump og hoppeslott! Bagjumpen er ei stor tjukkasmadrass der du kan hoppe i fritt fall frå eit tårn på 2 meter, 3 meter og 4 meter og lande mjukt og trygt!

I klatreparken har vi bygd om litt slik at vi denne sesongen har heile 8 klatreløyper å boltre seg i. Vi fyrer opp grillane og feirar at sesonger er i gang!

Og hugs å kjøpe billettar på førehand så får du både best pris og sikra plass når du kjem!

Skuleklassar og andre grupper også kan bestille tid utanfor ordinære opningstider ved å ta kontakt på epost.

Men det er ikkje berre aktivitetsparken som opnar pinsehelga, men alle som tilbyr aktivitetar, servering og overnatting i Valldal held ope utover! Sjå tilbodet til Uteguiden i Valldal som har både rafting, kajakkturar og kurs på programmet.

Vi ynskjer også lykke til til Troll Dungeon som opnar ein heilt ny escape labyrint. Tør du vere den første til å prøve?

I sentrum har Kulå ny uteservering og supergode hamburgerar på menyen, god mat og atmosfære finn du også på Khaya og litt lenger opp i gamle Syltegata finn du den nye isbaren til Gutta Krutt! Det er altså gode grunnar til å stoppe i sentrum etter besøket i aktivitetsparken.

Og treng du overnatting for å rekke over alt, så er det mange gode alternativ å velge i!