Ting å finne på i Valldal

Valldal – opplevingsbygda nummer ein på Sunnmøre, byr på ei rekke aktivitetar og opplevingar som passar for heile familien.

Klatring og moro i Valldal Aktivitetspark

I tillegg til ca 1500 meter med klatreløyper inkludert høgtsvevande 125 meter lange ziplines over elva, finst det ei rekke andre aktivitetar i parken. Hoppepute, hoppeslott og bagjump med opptil 4 meter fritt fall, militær hinderløype, sandstrand med badekulp, leikeapparat med disser og sklie samt sandkasse for dei yngste – det er nok å finne på. Vedfyrte grillar er tilgjengeleg for alle gjestar, og det er lov å ta med eigen mat og drikke.

Rafting og kajakk med Uteguiden

Er du ute etter noko actionfylt så må du prøve rafting i Valldal! Dyktige guidar frå Uteguiden tek deg sikkert ned den 11 km lange strekninga som slynger seg nedover Valldalen. Artige stryk, rolegare parti, bading og ein liten matbit undervegs gjer dette til ein variert og spennade oppleving som passar dei fleste!

Ønsker du ei flott naturoppleving på fjorden så har Uteguiden fleire ulike turar på havkajakk med Valldal sentrum som utgangspunkt. Alt frå familieturar til lengre dagsturar. Her får du oppleve spektakulært fjordlandskap mens du padlar på ein fjord uforstyrra av cruisetrafikk. På dagsturane serverar dei også ein smakfull lokal lunsj!

Escapelabyrinten TrollDungeon

TrollDungeon inviterar deginn i fangeholet der trolla sit fanga i mørket. Vegen inn er enkel, men finn du vegen ut att? Det står att å sjå når du tek sjansen på denne hinderøypa med praktiske oppgåver som må løysast på vegen. Ein runde tek ca 20 minutt, og er ei spennande og artig avslutting på ein fin feriedag, eller eit avbrekk frå sola.

Rafting i Valldal
Trollstolen på Trolldungeon escape labyrint
No items found.

Bowling og god mat hos Kulå Bowling

Bowling er ein sikker familievinnar, og hos Kulå kan ein kombinere bowling med enkel og god mat som pizza, hamburger og gyros for å nemne noko.

Nytt av året er “Barnas Kulå Bar” der borna kan velje frå ein rikhaldig meny av snacks og is. Elles kan ein spele både airhockey og biljard. TrollDungeon er lokalisert i 2. etasje over Kulå Bowling, så det er kort veg mellom aktivitetar.

Sykkelutleige og utandørs treningspark hos Muri Hytteutleige

Kule syklar i ulik storleik og med plass frå 1-4 passasjerar som kan leigast på timebasis, gjer det lett å sykle på oppdagingstur i sentrum. På ein slik sykkeltur kan ein finne fram til både Sylteormen Bakeri med deilig bakst, eller Gutta Krutt Iskremoase, kjøpe sukkerspinn hos Kulå eller sykle langs “Bedringens veg” eller “Strandpromenaden”.Om ikkje det var nok trim, så kan ein fritt bruke treningsparken som ligg rett ved resepsjonen til Muri Hytteutleige.

Frisbeegolf hos Jemtegård Feriesenter

Ei flott 18 hols frisbeegolfbane ligg flott til i skogen ved Jemtegård Feriesenter. Bana er til fri bruk for den som vil, og har du ikkje eigen disk kan du leige i resepsjonen. Det blir også arrangert “vekas runde” der ein kan melde seg på, og gå saman med andre og konkurrere om beste plassering.

Muribugen – offentleg badestrand

Ei fin, langgrunn sandstrand ligg ved naustrekka og innbyr til late dagar med sol frå morgon til kveld.

Oppvarma, utandørs basseng i Tafjordbadet

Med ein liten køyretur på 14 km så kjem ein til den lille bygda Tafjord lengst inn i fjorden. Her er også litt forskjellig å ta seg til og eit besøk på Tafjord Friluftsbad er obligatorisk! Med eit stort basseng og eit mindre barnebasseng som er godt oppvarma er dette eit populært tilbod for småbarnsfamiliar.

Ville Krefter – historisk, spennande og med eige escaperom

Ta med familien på ein spennande tur til Ville Krefter som ligg i den nedlagte historiske kraftstasjonen til Tafjord Kraft. I same bygg finn du den gripande utstillinga om Tafjordulykka frå 1934, samt eit innblikk i dei farene som Storfjorden står framfor med potensielt stort skred frå Åkneset, også kjent frå den norske filmen “Bølgen”.

Borna kan utløyse eigne skred i skredmodellen, skli ned den 15 meter lange “rørgata”, eller sjå film frå langt inni fjellet. Her er også to escaperom med tema skred og 2. verdskrig.
Her brukar ein lett nokre lærerike timar.

Bowlingbana på Kulå Bowling
Frisbeegolfbana ved Jemtegård Camping
Barn på badestranda i Valldal
Barn som badar i Tafjordbadet
Barn leikar med skredsimulator på Ville Krefter
No items found.