Vi søker nye medarbeidarar

Klatreparkinstruktør

Valldal Aktivitetspark er på utkikk etter den rette personen som kan arbeide heile eller delar av sommarsesongen frå mai til oktober som instruktør i klatreparken.

Vi søker deg som

  • Er aktiv og friluftsinteressert
  • Inkluderande, sosial og likar å jobbe med folk
  • Relevant erfaring frå klatrepark, klatring eller liknande aktivitetar
  • Trivast med å jobbe i høgda
  • Over 18 år og snakkar godt norsk eller svensk

Dine arbeidsoppgåver vil vere

  • Opplæring av besøkande
  • Vakthald og tilsyn i klatreparken
  • Redning frå klatreløyper ved behov
  • Kontroll av løyper, opning/stenging av park og anna arbeid i forbindelse med daglig drift

Vi har tilgjengeleg bustad for leige. Gode arbeids- og lønnsvilkår.
Opplæring vil bli gitt.

Personlig brev med CV sendast til Erlend Hjelme på e-post [email protected]
Søknadsfrist 01.03.2019

 

Kioskmedarbeider

Valldal Aktivitetspark er på utkikk etter to personar som kan arbeide i perioden 11.05 til 13.10 som kiosk- og salsmedarbeidar. Du er også velkomen som søjar dersom du kan arbeide berre delar av perioden.

Vi søker deg som

  • Er aktiv og friluftsinteressert
  • Kan jobbe sjølvstendig og effektivt
  • Har erfaring frå sal og servering
  • Er over 16 år og snakkar godt norsk eller svensk

 

Dine arbeidsoppgåver vil vere

  • Billett- og kiosksal
  • Tillaging og servering av enkel mat
  • Kassaoppgjer og rapportering
  • Generelt vedlikehald og reinhald av fellesareal

Vi har tilgjengeleg bustad for leige. Gode arbeids- og lønnsvilkår.
Opplæring vil bli gitt.

Personlig brev med CV sendast til Gro Marita Valdal på
e-post [email protected]
Søknadsfrist 01.03.2019

 

Underhaldar

Valldal Aktivitetspark er på utkikk etter den rette personen som kan arbeide i perioden 29.06-11.08 som underhaldar for born.

Vi søker deg som

  • Er aktiv og friluftsinteressert
  • Er inkluderande, sosial og likar å jobbe med folk, spesielt barn
  • Har erfaring frå teater, dans eller musikk
  • Er over 18 år og snakkar godt norsk

 Dine arbeidsoppgåver vil vere

  • Organisering og gjennomføring av leik og aktivitet for barn
  • Gjennomføring av eventyrstund
  • Gjennomføring av events

Alle oppgåvene skal gjennomførast i trollkostyme.

Vi har tilgjengeleg bustad for leige. Gode arbeids- og lønnsvilkår.
Opplæring vil bli gitt.

Personlig brev med CV sendast til Gro Marita Valdal på
e-post [email protected]
Søknadsfrist 01.03.2019