Vilkår

Våre kjøpsvilkår ved kjøp av enkeltbillettar og gruppebestillingar.

Generelle vilkår

  • Valldal Aktivitetspark tek atterhald om endring eller kansellering av arrangement grunna ver eller forhold som tilseier at det vil vere uforsvarleg å opne parken
  • Kunden er sjølv pliktig å innhente informasjon om våre aldersgrenser, krav til fysisk helse osv.
  • Vi aksepterer kontantar og følgjande kredittkort: Visa, Mastercard, Bankaksept.
  • Bestillinga er bindande ved betaling av arrangement med stadfesta godkjent transaksjon. Du mottek stadfesting på e-post.
  • Kvittering/bookingreferanse for bestilling må visast fram når du kjem til parken (elektronisk er å foretrekke)
  • Billetten gjeld for den dagen den er bestilt og vert ikkje refundert dersom avbestilling skjer seinare enn 48 timar før ankomst.

Vilkår ved gruppebestilling

  • Bestilling skal skje pr e-post til Valldal Aktivitetspark
  • Bestilling er ikkje godkjent før det ligg føre ei skriftleg stadfesting frå Valldal Aktivitetspark
  • Faktura kun etter avtale, og betaling pr 10 dagar
  • 48 timar før arrangement skal tal på deltakarar vere avklart med Valldal Aktivitetspark
  • Avbestilling mindre enn 48 timar før arrangement vert fakturert 100%
  • Bestilte, ikkje brukte plassar, vert fakturert 100%