Valldal Aktivitetspark

Som einaste klatreparken i Møre og Romsdal kan vi vise til 1150 meter med klatreløyper montert oppe i tre og stolpar. Løypene er tilpassa ulike aldrar og ferdigheiter, og du finn heilt sikkert ei løype som passar for deg.
I juli månad kjem Trolla frå Trollstad® på besøk med moro og underhaldning for heile familien.

Ta turen til Valldal Aktivitetspark for ei aktiv og kjekk oppleving!

Booking

Vi har begrensa kapasitet i parken. Kjøp inngangsbillett på førehand for å vere sikra plass ved ankomst

Klatrepark

Framside
  • Eiga klatreløype for dei aller minste borna
  • Familieløyper for vaksne og born over 110cm
  • Krevande løyper for dei som ynskjer ei skikkeleg utfordring
  • Til saman 9 zip-lines fordelt i klatreløypene

Tunet

eventyrstund-troll
  • Bord og benkar for avslapping og matpausar
  • Leikeområde med sandkasse, leikeapparat og hoppepute
  • Trolla frå Trollstad finn du i Trollhola der dei har aktivitetar og underhaldning i perioden 01.07-10.08

Mat og grill

mat-grill
  • Ferske påsmurte briks, pølser, vaffel, is, kaffi/te m.m. i kiosken (redusert tilbod vår og haust)
  • Barnemeny, lunsjpakke og gode tilbod kvar dag
  • Grillar tilgjengeleg for fri bruk

Film frå aktivitetsparken

Book online for å sikre deg plass!