Praktisk info

Vi har samla det du treng av informasjon før du besøker parken vår. Du bør du lese gjennom våre sikkerheitsreglar, sette deg inn i gjeldane høgdekrav og aldersgrenser og kjøpe billett på våre nettsider. Då er du sikra plass og kjem fort igang med klatring etter oppmøte.

Billettar

Kjøp billettar på nett

Vi anbefalar å kjøpe billettar på våre nettsider, då er du sikra plass ved ankomst. Du vil få ei kvittering tilsendt på e-post som du må vise i billettluka når du kjem, og oppgi referansenummer som du finn på kvitteringa.

Billettar må kjøpast innan kl 24:00 dagen før du besøker parken. Det er altså ikkje muleg å kjøpe billett på morgonen før du skal kome. Då får du opp meldinga «Ingenting tilgjengeleg på valgt dato». Dette betyr ikkje at parken er full, men at kjøp for dagen i dag ikkje lenger er muleg på nett.

 

Drop-in

Det er også muleg å komme innom parken på såkalt drop-in. Då betalar du billett og skriv under eigenerklæring ved oppmøte. Betal med kort eller kontant. Vi har avgrensa kapasitet på klatreselar slik at ein kan risikere at det er fullt. Vi anbefaler derfor å kjøpe billett på førehand. Det er og muleg å kome inn i parken utan å klatre. Vi har egne prisar for inngang til parken utan klatring.

 

Sesongkort

Vi sel sesongkort både på nettsida vår og i billettluka i parken. Sesongkortet er personleg og kan kun nyttast av ein person. Har du sesongkort og ynskjer å reservere plass, gå inn under booking på nettsida vår og velg fana «Reservasjon». Velg dato og kjøp reservasjon. Dette kostar 35kr per person.
Du kan også møte opp i parken og vise sesongkortet i billettluka, men då er du ikkje sikra plass dersom det er fullt og du risikerer og måtte vente på ledig klatresele.

 

Gåvekort

Gåvekort må kjøpast på nettsida vår under booking. Her kan du velje mellom fleire ulike verdiar på kortet. Når du kjøper gåvekort får du tilsendt eit elektronisk gåvekort på e-post. Dette kan brukast som betaling på alle våre dagskort og sesongkort. Brukar du ikkje heile beløpet kan resterande beløp brukast ved ei seinare anledning. Varigheit er eitt år.

Sikkerheit

Opplæring

Alle besøkande må gjennom ei opplæring før ein kan klatre på eigahand. Opplæringa tek omlag 15-20 minutt. Ein av våre instruktørar går gjennom reglar og utstyr samt eint demonstrasjon i opplæringsløypa. Etterpå skal kvar enkelt gjest ha ein praktisk gjennomgang i opplæringsløypa.

 

Aldersgrense og høgde

Det er inga nedre aldersgrense for å klatre i parken, men barn under 12 år må klatre saman med ein vaksen. Maks 4 barn per vaksen.

Dei ulike løypene har forskjellige høgdekrav. For å klatre i barneløypa er minstehøgda 80 cm. Her skal ein vaksen følge barnet frå bakken. I dei to familieløypene våre er minstehøgda 110 cm, mens i dei to krevande løypene er minstehøgda 140 cm.

 

Eigenerklæring

Alle som skal klatre må skrivast opp på ei eigenerklæring. Eit skjema per gruppe/familie. Denne må signerast av ein føresatt eller ein vaksen person som er ansvarleg for gruppa. Dersom du kjøper billett på nettsida vår er eigenerklæringa ein del av bestillingsprosessen. Drop-in kundar må signere skjema ved oppmøte.

 

Drone

Hovudregelen er at bruk av drone inne i parken ikkje er lov. Medbrakt drone utan løyve kan bli inndratt av vårt personale til besøket i parken er over.
Vi kan tillate flyging av drone etter søknad frå grupper som leiger parken utanfor opningstid. Ta kontakt med oss på epost i forkant av besøket.

Mat og drikke

Kiosk

I hovudsesongen vår (01.07-20.08) sel vi fersk påsmurt mat, lunsjpakke, pølser, vaffel, brus, is, kaffi/te m.m. Kiosken er i same bygg som ein kjøper billettar, og er ope frå kl 11:00 til 17:00 kvar dag parken er open. Om vår og haust har vi eit redusert utval av varer i kiosken. I tilknyting til kiosken har vi eit mindre område med bord og stolar. Det er ikkje tillate med medbrakt mat her.

 

Medbrakt mat

Du må gjerne ta med eigen mat til parken om ønskeleg. Vi har benkar og bord i Tunet og plassert rundt i parken der ein kan nyte eigen mat. Vi sett stor pris på at du ryddar etter deg.

 

Grilling

Vi har grillar tilgjengeleg i Tunet der ein kan grille medbrakt mat. Vi sett stor pris på at du ryddar etter deg.

 

Kjøp middag i Valldal

Dersom dykk ynskjer eit måltid etter besøket i aktivitetsparken kan vi anbefale nokre av dei som tilbyr mat og drikke i nærleiken.

Vær og bekledning

Veret

Parken held ope uansett ver, men ved kraftig vind eller torden kan vi måtte stenge delar av løypa midlertidig. Det er ikkje noko problem å klatre sjølv om det regnar. Trea som klatreløypene er montert i gir noko ly for regnet og vi har eit overbygg med tak der det er høve til å ta ein pause om det skulle kome ei skikkeleg regnbye.

 

Kleskode

Lette tur- eller treningsklede er å anbefale, men kle deg først og fremst etter veret. Det kan være ein fordel med fleire lag då ein fort blir varm når ein er i aktivitet. Joggesko egnar seg best til klatring, men ver merksam på at det er vått i graset om det er eller har vore nedbør. I kiosken sel vi tynne hanskar som egnar seg til klatring. Hanskar kan vere lurt dersom der er kaldt eller om du vil har det litt ekstra komfortabelt.

Fasilitetar

Parkering

Rett etter at du tek av frå hovudvegen finn du parkering langs grusvegen ned mot parken. Parker på merka plassar langs vegen. Parkeringa er gratis og berre for besøkande i parken.

 

Toalett

I enden av parkeringsplassen ved inngangen til parken har vi eit toalettbygg. Det eine toalettet er tilpassa rullestolbrukarar og er utstyrt med stellebord.
Vi gjer merksam på at vi ikkje har vask med rennande vatn på toaletta, men våtserviettar og handsprit.

 

Benkar og bord

Rundt om i parken har vi benkar og bord både ute og under tak. Her kan du ta ein pause frå klatringa og kanskje ein matbit.

 

Hundar og røyking

Det går fint å ta med hunden i parken. Sørg for at hunden alltid er i band og hugs pose. Parken er røykfri, men vi har ein røykeplass i utkanten av parken ved elva. Følg skilting.

 

Overnatting

Vi har ikkje mulegheit til å ha overnattingsgjestar i aktivitetsparken, men vi samarbeidar med fleire aktørar i nærleiken som tilbyr overnatting i lavvo, hytter og hotell. Sjå sida overnatting for dei ulike alternativa.