Tips for klasseturar til Valldal

Opplegg for skuleklassar med mange spanande aktivitetar som klatring, lagkamp, grilling og rafting. Mulegheit for overnatting.

Klassetur med aktivitetar og overnatting

Er du på utkikk etter å arrangere klassetur på Sunnmøre eller i Møre og Romsdal? Valldal er lett tilgjengelig både frå Ålesund, Molde og Åndalsnes og passar perfekt både til dagsturar og overnattingsturar!

Her i Valldal Aktivitetspark ligg alt til rette for å ta imot skuleklassar som skal på klassetur! Vi har opplegg for ein heil dag, men vi kan også setje saman turar med overnatting og andre aktivitetar for opplegg over fleire dagar!

Her i klatreparken har vi felles aktivitet med klatring der samhald og meistring står i fokus. Totalt har vi 8 ulike klatreløyper i alle vankeligheitsgradar og passar ypperlig for skuleklassar i alle alderstrinn!

Grilling og mat

Vi har to vedfyrte grillar, bord og benkar både ute og under tak. Her kan de ta med medbrakt grillmat og stå for serveringa sjølve.

Hoppepute og Bagjump

I tillegg til klatreparken har vi eit hoppeområde med hoppepute og hoppeslott. Her finn du også Bagjumpen der ein kan hoppe frå ulike høgder og lande trygt og mjukt på ei stor madrass.

Konkurransar

Vi har fleire aktivitetar som kan kombinerast med klatring. Dette er individuelle- eller lagkonkurransar der alle kan vere i aktivitet samtidig. Her finn du oversikt over dei ulike konkurransane.

Priseksempel for skuleklassar (2024)

Allereie fra 8.mai så tek vi imot skuleklassar både i og utanfor ordinære opningstider. Ta kontakt og bestill tid for klatring og eventuelt andre aktivitetar.

  • Klatring 3 timar: 300kr per person.
  • Lagkamp 1 time: 130kr per person
  • 5-kamp 1 time: 200kr per person

Bruk av grillområdet er inkludert.

Eit populært dagsopplegg

  • Startar med 3 timar klatring
  • Ein times pause med grilling
  • Avsluttar med ein artig lagkamp der vi konkurrerar i lag mot kvarandre. 1 time.
Barn hoppar fra hoppetårnet
Lagbyggingsaktivitet for skuleklasse
No items found.

Overnatting

Det finns fleire gode overnattingsalternativ for skuleklassar i Valldal. Lavvo camp, hytter og leiligheter.

Andre aktivitetar og mat

Vi kan også sette saman opplegg med rafting, havkajakk, fjellturar og andre aktivitetar frå våre samarbeidspartnarar. Uteguiden har ei stor tilbod av aktivitetar her i Valldal og ellers på Sunnmøre

Kulå Bowling tilbyr både pizza og andre rettar med lokaler som egnar seg perfekt til store grupper.

Kontakt oss i god tid for eit tilbod!

Send gjerne ein førespurnad på epost til post@valldalaktivitetspark.no eller ring oss på 480 90 599 om du har spørsmål! Er dykk ute i god tid er det lettare å få tid når det passar dykk best. Det er fri avbestilling fram til 48 timar før oppmøte så ein risikerer ingenting ved å reservere allereie no!

Lavvoar på Valldal Camping
Rafting i Valldal
No items found.