
Valldal er ein fin stad for klassetur fordi:
Mange klassar vel å kombinere aktivitetar med overnatting og lage ein tur over 1–2 dagar.
Klatreparken er hovudaktiviteten for dei fleste klasseturar til Valldal.
Her kan elevane utfordre seg sjølve i ulike klatreløyper med varierande vanskegrad og fleire zip-liner. Aktiviteten gir både meistring og fysisk aktivitet, og passar godt for grupper der nivået er ulikt.
Frå og med det året elevane fyller 12 år, kan dei klatre sjølve utan følgje av vaksen, noko som gjer dette spesielt godt eigna for klasseturar for 7.klasse og oppover.
I tillegg til klatring tilbyr vi organiserte lagaktivitetar som fungerer godt for skuleklassar.
Her blir klassen delt inn i lag og får ulike oppgåver som krev samarbeid, innsats og litt konkurranse. Dette skaper god stemning og gir ei sosial oppleving der alle kan vere med, uavhengig av fysisk nivå.
Eit viktig innslag på mange klasseturar er felles måltid.
I parken har vi store vedfyrte grillar og gode sitjeområde, slik at klassane enkelt kan ta med eigen grillmat. Dette er både sosialt og praktisk, og bidreg til å halde kostnadene nede. Både bruk av ved og grillredskap er inkludert i prisen.
Eit typisk opplegg for klassetur kan setjast saman slik:
Dette gir totalt fleire timar med aktivitet og eit variert opplegg gjennom dagen.
Mange vel å kombinere klatring og lagaktivitetar med grilling og pausar, noko som gir ein heil dag i parken.
Dersom de ønskjer å utvide turen, finst det fleire aktivitetar i området som kan kombinerast med besøket i aktivitetsparken.
Uteguiden tilbyr både rafting og kajakk, som gir ei annleis naturoppleving på elva eller fjorden.
På varme dagar er Muribugen og Tafjordbadet populære alternativ for bading, medan Kulå Bowling er eit godt val dersom vêret ikkje er på topp.
Dette gjer det mogleg å setje saman ein variert klassetur over ein eller to dagar.
Mange klassar vel å overnatte i Valldal for å få meir ut av turen.
I området finst det fleire alternativ, som hytter, campingplassar og enklare overnatting som passar for grupper.
👉 Sjå vår guide til overnatting i Valldal
For mange foreldregrupper er det viktig at klasseturen er enkel å planlegge.
Vi hjelper gjerne med å setje saman eit opplegg som passar for dykkar klasse, og gir nødvendig informasjon i forkant slik at dagen går så smidig som mogleg.
Ta kontakt med oss for eit forslag til opplegg som passar for dykkar klasse.
👉 Send forespørsel / kontakt oss på post@valldalaktivitetspark.no
Dei fleste klassar brukar mellom 3 og 5 timar i parken, ofte kombinert med aktivitetar, pausar og grilling. Klatringa tek 3 timar og dersom ein har lagkamp i tillegg bør ein setje av 5 timar.
Tilbodet passar godt for skuleklassar frå mellomtrinnet og oppover.
Elevae over 12 år kan klatre sjølve utan vaksen, noko som gjer dette spesielt godt eigna for klasseturar for 7.klasse og oppover. Men det går heilt fint med yngre elevar også så lenge ein har med vaksne som kan klatre. Maks 4 born per vaksen i klatreløypene dersom dei er under 12 år.
Ja, dei fleste klassar tek med eigen grillmat. Vi har grillar og sitjeområde tilgjengeleg i parken. Ved og grillredskap er tilgjengeleg. Om nødvendig kan dykk ta med bestikk, fat og koppar sjølve.
Eit opplegg med klatring og lagaktivitetar kostar typisk mellom 350 og 500 kr per elev, avhengig av kva ein vel å inkludere.
Ja, mange klassar vel å overnatte i Valldal. Det finst fleire alternativ i nærleiken av parken og i Valldal sentrum. Det er ikkje muleg å overnatte i sjølve klatreparken. Sjå oversikt over overnattingsplassar her.