Ledige stillingar

Valldal Aktivitetspark er på utkikk etter sommarvikarar!

Klatreparkinstruktørar

Vi har nokre stillingar som strekker seg over heile sesongen og nokre som gjeld kun høgsesong.

  • Høgsesong 1.juli - 10.august
  • Sommarsesong 23.mai - 9.august (+evt helger vidare til 13.sep)

Vi søker deg som

  • Er aktiv og friluftsinteressert
  • Inkluderande, sosial og likar å jobbe med folk
  • Relevant erfaring frå klatrepark, klatring eller liknande aktivitetar
  • Trivast med å jobbe i høgda
  • Over 18 år og snakkar godt engelsk
  • Stor fordel å prate eit av dei skandinaviske språka

Dine arbeidsoppgåver vil vere

  • Opplæring av besøkande, utdeling og tilpassing av klatreutstyr
  • Vakthald og tilsyn i klatreparken i våre opningstider
  • Redning frå klatreløyper ved behov
  • Kontroll av løyper, opning/stenging av park og anna arbeid i forbindelse med daglig drift
  • Enkelte vakter i kiosk/billettluke for den som er interessert i ekstra jobbing

Salsmedarbeidar

Vi er også på utkikk etter ein person som kan arbeide i kiosken.

  • Helger fra 24.mai - 22.juni.
  • Turnus i perioden 23.juni - 10.august.
  • Helger fra 16.aug - 14.sep.

Vi søker deg som

  • Inkluderande, sosial og likar å jobbe med folk
  • Relevant erfaring frå kioskdrift, cafe, billettsalg, butikk eller liknande er ein stor fordel
  • Over 16 år og snakkar godt norsk og engelsk

Dine arbeidsoppgåver vil vere

  • Innsjekk og sal av billettar til besøkende i parken
  • Sal av kioskvarer og mat i kiosken
  • Reinhald av sanitærbygg
No items found.

Vi har bustad tilgjengeleg for leige til den som treng det.


Personlig brev med CV sendast til Erlend Hjelme på e-post post@valldalaktivitetspark.no

Søknadsfrist: Snarast, men seinast innan 1.mars 2026

No items found.