Tips til ein aktiv haust i Valldal
Den varme og fine sommaren er over, og no står ein frisk haust full av mulegheiter for tur.
I Valldal er det alltid noko å finne på uansett årstid. For Valldal Aktivitetspark sin del varer sesongen ut haustferien i veke 41.
Hausten kan by på både varme fønvindar frå aust og kalde vindar frå nordvest. Uansett ver vil ein familiedag hos Valldal Aktivitetspark by på kjekke utfordringar og minnerike opplevingar.
Har du sesongkort er hausten heilt perfekt for å få valuta for pengane då vi har mindre pågang, god plass og lite kø. Har du vore på besøk hos oss tidlegare i år er du også fritatt for opplæring og kan svinge deg rett opp i favorittløypa når du har sjekka inn.Kanskje har du ein bursdag du vil feire? Kiosken vår har “verdens beste” sjokoladekake og deilige 90 grams grillpølser.
Friske opplevingar i rufsete haustver kan vere ei oppleving i seg sjølv berre ein kler seg godt. Ull innerst, varme ullstrømper og vanntette sko er lurt for å halde seg varm på beina. Og held ein seg varm på beina kan ein kanskje rekke å klatre gjennom alle løypene før ein gir seg for dagen?
Å samle familien rundt ei vedfyrt bålpanne med noko godt på grillen er ein viktig del av opplevinga på ein dag ute i naturen. Vi har to store bålpanner med god plass rundt, og bord med benkar både under tak og ute. Ta med favorittmaten din og innta ein deilig utelunsj med familien.
Dersom det blir litt lenge å klatre heile dagen kan ein prøve seg i vår nye bagjump med hoppetårn og fritt fall frå opptil 4 meters høgde. Eller kva med å forsøke å slå løyperekorden på 42 sekund i vår militære hinderløype?
Vi held ope helgar i august, laurdagar i september og fleire dagar gjennom haustferien. Booking finn du her!
TrollDungeon escapelabyrint, pizza og bowling
I mai opna det heilt nye tilbodet TrollDungeon escapelabyrint i Valldal sentrum og her kan ein teste både praktisk og teoretisk kunnskap medan ein leitar etter vegen ut av fangeholet. Ein kan bestille plass for seg sjølv i ordinær opningstid fredag eller laurdag utover hausten, eller bestille spesialopplegg for grupper utanfor ordinær opningstid. Tilrådd aldersgrense er 12 år, men det er mulig å ta med yngre barn ned til 8 år i lag med vaksne. Sidan dette er ein innandørs aktivitet vil veret aldri bli ei utfordring. Ein runde i escapelabyrinten tek ca 30 minutt å gjennomføre, og maks 4 personar kan gå inn samtidig.
Rett ved sida av TrollDungeon ligg Kulå Bowling, som også har veldig god pizza og Go2Grill hamburger.
Her kan ein bowle på ei av dei fire banene for deretter å samle seg rundt eit godt måltid i restauranten. Bowlingen er populær, spesielt på laurdagar, så bestill gjerne tid på førehand.
Kajakktur for familien
For familiar med litt større barn vil det vere ei fantastisk oppleving å padle ut på fjorden, og få oppleve den storslåtte naturen. Uteguiden har turar på bestilling, og ein familietur varer i 3 timar. Med dobbelkajakkar ferdast vi trygt og stabilt på fjorden og barn ned i 10års alderen kan delta på turen. Varme drakter og godt utstyr gjer turen komfortabel sjølv på hausten.
Overnattingstur?
Det er lett å bruke fleire dagar når ein tek turen inn til vakre Valldal og området rundt. Dersom du treng overnatting er her alt frå hytter til hotell.
Valldal Fjordhotell har ope for bestillingar utover hausten, og ligg fint plassert rett ved fjorden.
Stopp gjerne innom eit gardsutsal på veg heimover for nypoteter, gulrot, kål, epler og pærer, og agurk. Gardsutsal finn du på Døving, Myklebust, hos Storstova, på Berdal og på Linge.