Lagbygging

Vi har fleire aktivitetar som kan kombinerast med klatring. Dette er individuelle- eller lagkonkurransar der alle kan vere i aktivitet samtidig, og ha det moro uansett alder.
Opplæring av pil og bue skyting for utdrikningslag

Store og små grupper

Ein dag i aktivitetsparken er ei flott oppleving for grupper i alle storleikar og passar perfekt til bedrifter, skuleklassar, idrettslag, utdrikningslag eller andre lag og organisasjonar.

For ein komplett dag i parken kombiner gjerne klatring med ein av lagaktivitetane våre og avslutt med felles grilling for heile gjengen!
Dame skyt på blink med pil og bue

5-kamp

For mindre grupper i storleik under 20 personar, har vi sett saman ein 5-kamp med konkurranseprega aktivitetar på tid og poeng.

Øvingar som inngår: pil og bue, figurjakt, trådløype, spikring og mjølkespannkasting.

Varigheit ca 60 min.

Mesterkamp

For dei som ynskjer ein utvida konkurranse med innslag av meir fysiske aktivitet kan vi tilby ein mesterkamp med 6 øvingar.

Øvingar som inngår: pil og bue, øksekast, spikring, mjølkespannkasting, militær hinderløype og armheng.

Varigheit ca 90 min.
Militær hinderløype
Ein jentegjeng som har lagbygging

Lagkamp

Dette er ein konkurranse for større grupper på 20-70 personar der vi deler opp i lag og laga kjempar mot kvarandre i ulike aktivitetar.

Øvingar som inngår: memoreringsstafett, figurjakt, støvelkast, tårnbygging, pinnestafett og spikring.

Varigheit ca 60 min.

Grilling

Planlegg eit felles måltid som avslutning på dagen. Vi har ein vedfyrt grill, bord og benkar både ute og under tak. Her kan de ta med medbrakt grillmat og stå for serveringa sjølve.

Vi kan også ordne med lunsjpakkar. Ta kontakt for tilbod.
Grilling av pølser på utegrillane

Prisliste

Du finn prisar på alle dei ulike lagbyggingsaktivitetane i prislista vår.
Prisar og opningstider