Vanlege spørsmål om Valldal Aktivitetspark

Kjøp billettar på nett for best pris! Då er du er også sikra klatresele med ein gong du kjem til parken.
Kjøp billett
Kontakt
E-post post@valldalaktivitetspark.no
Telefon 480 90 599
Her finn du oss
Adressa vår er Døvingssida 420, 6210 Valldal

Billettar 🎟️

Bør eg kjøpe billett på nett?

Ja, vi tilrår å kjøpe billettar på nettsida vår. Då får du best pris og er sikra klatresele når du kjem til parken.Du får billetten tilsendt på e-post, og denne må visast i billettluka ved ankomst.

Når må eg kjøpe billett på nett?

Billettar må kjøpast seinast klokka 10:00 same dag. Etter dette er det ikkje mogleg å kjøpe billettar online for inneverande dag.

Kan eg kome utan å kjøpe billett på førehand (drop-in)?

Ja, du kan kome på drop-in. Då betalar du billett og skriv under eigenerklæring ved oppmøte. Vi har avgrensa kapasitet på klatreselar, så det kan hende parken er full. Siste mogleg drop-in er 2 timar før parken stenger.

Har de sesongkort?

Ja, vi sel sesongkort både på nettsida vår og i billettluka i parken. Sesongkortet er personleg og kan berre nyttast av ein person.

Har du sesongkort og ønskjer å reservere plass, kan du gå inn under «Kjøp billett» på nettsida og velje fana «Reservasjon». Vel dato og reserver plass.

Du kan også møte opp i parken og vise sesongkortet i billettluka, men då er du ikkje sikra plass dersom det er fullt.

Sel de gåvekort?

Ja, gåvekort kan kjøpast på nettsida vår under «Kjøp billett». Du kan velje mellom fleire ulike verdiar. Gåvekortet blir sendt elektronisk på e-post og kan brukast som betaling for dagskort og sesongkort.

Dersom du ikkje brukar heile beløpet kan resten brukast ved eit seinare besøk.
Gåvekortet er gyldig i to år.

Sikkerheit og klatring 🌳

Kor lang tid brukar ein i klatreparken?

Vi anbefaler å setje av minst 3 timar til besøket i parken. Det kan ta opp til 30 minutt frå du kjem til du har fått på deg utstyr og gjennomført opplæringa.

Kor lang tid ein brukar i løypene varierer etter kor mange løyper ein ønskjer å klatre og kor travelt det er i parken. Det er vanleg å bruke frå 1-3 timar i klatreløypene.

Mange vel å tilbringe 4–5 timar hos oss, spesielt dersom ein også vil bruke leikeplassen, ta pausar og kanskje grille litt mat.

Må ein gjennom opplæring før ein klatrar?

Ja. Alle som skal klatre må gjennom ei opplæring før dei kan klatre på eigenhand.

Opplæringa tek omtrent 15–20 minutt og består av video med gjennomgang av reglar og utstyr samt praktisk gjennomgang i opplæringsløypa.

Instruktør kan nekte tilgang til løypene dersom ein gjest ikkje følgjer sikkerheitsreglane eller ikkje viser at dei kan klatre på ein trygg måte.

Er det aldersgrense for å klatre?

Det er inga nedre aldersgrense for å klatre i parken. Barn under 12 år må klatre saman med ein vaksen i grøne, blå og raude løyper. Maks fire barn per vaksen.

For dei minste barna som klatrar i gul løype, kan ein vaksen følge barnet frå bakken.

Kva høgde må ein vere for å klatre?

Dei ulike løypene har forskjellige høgdekrav:

Barneløyper (gule løyper): minimum 80 cm
Familieløyper (grøne løyper): minimum 110 cm
Krevjande løyper (blå og raud): minimum 140 cm

I barneløypene skal ein vaksen følgje barnet frå bakken.

Må eg signere ei eigenerklæring?

Ja. Alle som skal klatre må skrivast opp på ei eigenerklæring. Det skal fyllast ut eitt skjema per gruppe eller familie, og det må signerast av ein vaksen eller føresett.

Dersom du kjøper billett på nettsida vår er eigenerklæringa ein del av bestillingsprosessen.
Drop-in gjestar må signere skjema ved oppmøte.

Kan ein vere i parken utan å klatre?

Ja, det er fullt mogleg å besøke parken utan å klatre. Vi har eigne billettar for inngang utan klatring, og med desse får du tilgang til alle fasilitetar og aktivitetar i parken – bortsett frå klatreløypene.

Dette passar fint for foreldre, besteforeldre eller andre som ønskjer å vere med på besøket utan å klatre sjølve. Og sjølvsagt er det muleg å oppgradere til klatrebillett dersom ein ombestemmer seg.

Må ein vere i god fysisk form for å klatre?

Nei, dei fleste løypene passar godt for vanlege familiar og krev ikkje spesielt god fysisk form. Vi har løyper i ulike vanskegrader slik at både nybegynnarar og meir erfarne kan finne ei passande utfordring.

Dersom du har rygg-, nakke- eller andre helseutfordringar, anbefaler vi at du tek kontakt med oss på førehand slik at vi kan vurdere om klatring passar for deg.

Kan eg fly drone i parken?

Hovudregelen er at bruk av drone i parken ikkje er tillate. Drone kan bli inndratt av personalet til besøket er over dersom den blir brukt utan løyve.

Grupper som leiger parken utanfor opningstid kan søke om å fly drone. Ta kontakt med oss på e-post på førehand.

Mat og drikke 🌭

Har de kiosk i parken?

Ja, kiosken ligg i same bygg som billettsalet. Her sel vi mellom anna pølse med brød, is, brus, kaffi og snacks.

Kiosken opnar klokka 11:00 og stenger ein time før parken stenger.

Kan eg ta med eigen mat?

Ja, du kan gjerne ta med eigen mat til parken. Vi har benkar og bord plassert rundt i parken, både ute og under tak.

Kan vi grille i parken?

Ja. Vi har to store vedfyrte grillar i parken der du kan grille medbrakt mat. Vi fyrer opp grillane litt ut på dagen, og ved og grillutstyr er tilgjengeleg for våre gjestar.

Vêr og kleskode 🌤️

Held parken ope dersom det regnar?

Ja, parken held ope uansett vêr. Men ved kraftig vind eller torden kan vi måtte stenge delar av løypene midlertidig.

Det går fint å klatre sjølv om det regnar, og vi har eit overbygg med tak der du kan ta pause dersom det kjem ei regnbyge.

Kva slags klede bør eg ha på?

Vi anbefaler lette tur- eller treningsklede, men kle deg først og fremst etter veret. Det kan vere lurt med fleire lag sidan ein fort blir varm når ein er i aktivitet.

Joggesko eller tursko egnar seg godt til klatring. Ver merksam på at graset kan vere vått dersom det har regna, så skotøy som tåler litt vatn er å anbefale.

I kiosken sel vi også tynne hanskar som eignar seg til klatring. Hanskar kan vere lurt dersom det er kaldt eller dersom du ønskjer litt ekstra komfort.

Fasilitetar 🅿️

Har de parkering?

Ja. Rett etter at du tek av frå hovudvegen finn du parkering langs grusvegen ned mot parken. Parker på merka plassar langs vegen. Parkeringa er gratis og berre for besøkande i parken sine opningstider. Camping er ikkje tillate.

Har de ladar for el-bil?

Nei. Det har vi dessverre ikkje. Det er hurtigladarar i Valldal sentrum, så planlegg lading der før eller etter besøket om det skulle vere nødvendig.

Har de toalett?

Ja. I enden av parkeringsplassen ved inngangen til parken har vi eit toalettbygg. Det eine toalettet er tilpassa rullestolbrukarar og har stellebord.

Kan eg ta med hund i parken?

Ja, hund er velkomen i parken så lenge den ikkje er til ulempe for andre gjestar. Hunden må alltid vere i band, og du må hugse å rydde opp etter den.

Er det lov å røyke i parken?

Parken er røykfri. Dersom du brukar snus skal brukte snusposar kastast i restavfall og ikkje på bakken. Snusposar kan vere svært giftige for små barn og hundar.