
Gåvekort må kjøpast på nettsida vår under Kjøp billett og vel deretter fana «Gavekort». Her kan du velje mellom fleire ulike verdiar på kortet frå 400kr til 1500kr. Når du kjøper gåvekort får du tilsendt eit elektronisk gåvekort på e-post. Dette kan brukast som betaling på alle våre dagskort og sesongkort. Brukar du ikkje heile beløpet kan resterande beløp brukast ved ei seinare anledning. Kortet er gyldig i to år.
Vi sel sesongkort både på nettsida vår og i billettluka i parken. Sesongkortet er personleg og kan kun nyttast av ein person. Gå inn under på Kjøp billett på nettsida vår og velg fana «Reservasjon» for å kjøpe sesongkort på nett. Her kan du velge etter høgda på den som skal sesongkortet. Du vil motta ei kvittering på e-post for kjøpet. Denne viser du i billetluka første gong det skal brukast for å få utlevert sesongkortet.
Fram til 31.desember får du 10% rabatt på alle sesongkort. Om du kjøper til denne prisen så har du tjent inn igjen sesonkortet etter berre tre besøk. Sesongkort kan også gis vekk i gåve om ønskeleg.